Tax Justice Network Norway

English

Hemmeleghald inn bakvegen

Hemmeleghald inn bakvegen | Børsbygninga i mørke, i likskap med forvalterordninga. Foto Stein Henningsen.
Børsbygninga i mørke, i likskap med forvalterordninga. Foto Stein Henningsen.

Nytt EU-direktiv kan gjere børshemmeleghaldet verre og undergrave Stortingsvedtak. Les vårt høyringssvar her.

 
Dato

Forslag til gjennomføring av EU-direktiv 2017/828 i Norge

Noreg har lenge vore eit føregangsland på openheit om eigarskap i norsk næringsliv. Denne openheita må vernast og utviklast. Somme av reglane i det nye direktivet undergrev denne openheita. Vi vil særleg understreke at forvaltarordninga må vere transparent slik at den oppfyller dei openheitskrava som norsk næringsliv i dag er tufta på.

 

Openheit om identiteten til aksjeeigarar

I kapittel 3.3.2 diskuterer departementet at endringsdirektivet opnar for å innføre ein terskel på 0.5 % i aksjeeigarregisteret, og at føretaka då ikkje lenger har rett til innsyn i kven som eig mindre aksjepostar enn dette. Departementet skriv videre at direktivet ikkje gjev føringar på kven som har innsynsrett i aksjeeigarskap utover føretaket, at det då er opptil kvart einskild land å regulere dette.

  • TJNN støttar departementet si vurdering om å vidareføre retten til innsyn som i dag ligg i aksje- og allmennaksjelova, som ikkje har nokon terskelavgrensingar.

Om forvaltarar og kontoførarar sine plikter

Godkjenning av forvaltarar og forvaltarkjeder

Tidlegare måtte forvaltarar søkje Finanstilsynet om løyve for registrering. Dette kravet har no falt vekk. Dette opnar for at useriøse forvaltaraktørar blir nytta for investering i norske føretak, og det er difor viktig at det kjem på plass nye reglar for kva for opplysningsplikt forvaltarar har om kven som er dei reelle aksjeeigarane.

  • TJNN støttar departementets regelforslag om at forvaltar har plikt til å opplyse om kven som er reell eigar (§4-10 fjerde ledd i allmennaksjelova), uavhengig av kor mange forvaltarledd som nyttast.
  • TJNN ber også om at departementet vurdere å avgrense kor mange ledd som skal tillatast i slike forvaltarkjeder.

Opplysningar frå føretak til reell eigar

Føretak har plikt til å gje aksjeeigarar opplysningar som gjer dei i stand til å utøve sine aksjeeigarrettigheiter. Om du derimot eig aksjar gjennom forvaltar, er din identitet ikkje offentleg tilgjengeleg, og du har ikkje rett til å få føretaksinformasjon eller utøve andre aksjeeigarrettigheiter.  Eigarskap gjennom forvaltar skal vere reint finansielt; ein har berre rett til å ta imot utbytte.

Endringsdirektivet frå EU bryt med dette prinsippet, og gjev slike eigarar utvida rettigheiter. Dette er svært problematisk. Departementet påpeikar da også i kapittel 6.3.3 at om dette skal innførast i Noreg, må det gjerast ei vurdering av kor føremålstenleg forvaltarregistrering er som institusjon.

  • TJNN støttar departementets vurdering om å ikkje innføre utvida rettigheiter til aksjeeigarar som bruker forvaltarar.

Opne forvaltarordninga

I dei 14 åra som har gått sidan sist forvaltarordninga var utreia i 2005, har båe internasjonale og nasjonale krav om openheit i eigarskap endra seg betrakteleg. Det er difor på høg tid å sjå på ordninga på nytt, og finne måtar å ivareta ordninga sine legitime og praktiske funksjonar utan å gje moglegheit til å halde eigarskap hemmeleg.

Då eit samrøystes Storting i 2015 vedtok at det skulle opprettast eit eigarregister, vart også forvaltarordninga adressert (St.Innst 298 S(2014-2015)). Stortinget understreka at forvaltarregistrering hadde viktige og legitime funksjonar, men påpeika at det var ein føresetnad for slik registrering at relevante myndigheiter, føretaka sjølve og allmennheita til ei kvar tid skulle ha tilgang til informasjon om bakanforliggande eigarar. Men forvaltarordninga er enno ikkje endra.

Oslo Børs har sjølv forsøkt å sikre meir openheit gjennom sine Investor Relations- anbefalingar. Her oppfordrast føretak mellom anna å sjølve offentleggjere dei reelle eigarane bak sine 20 største aksjepostar, men dei fleste oppgjer berre namnet på forvaltar, ikkje reell eigar. For dei ti største føretaka på Oslo Børs var i snitt 13.5 av dei 20 største eigarane i 2017 «ukjende» i aksjonærregisteret. Tal vi henta frå VPS i desember 2018 synte at meir enn ein femtedel av verdiane på Oslo Børs var bak forvaltarkonto.

  • TJNN ber departementet følge opp Stortingsvedtaket frå 2015 og gje allmennheita informasjon om reelle eigarar bak forvaltarkonto. Desse opplysningane må gjerast tilgjengeleg i det offentlege aksjonærregisteret.

 

 

Med vennleg helsing

Sigrid Klæboe Jacobsen, dagleg leiar

Ingrid Hjertaker, politisk rådgjevar

 

Les fleire høyringssvar her

Høring - forslag til gjennomføring av direktiv (EU) 2017/828 i norsk rett og endringer i aksjeloven og allmennaksjeloven § 8-10