Paradise Papers vann fram i høgsterett

Verdas største gruveføretak har gått på eit stort nederlag i Australia. Dette kan gje ringverknader for andre land.

Etter Paradise Papers i 2017 gjekk Glencore til sak mot australske skattemyndigheiter for å hindre dei å bruke dei Pardise-dokumenta. Lekkasjen avslørte at Glencore hadde triksa med finansielle valutaderivat for å unngå skatt i Australia. Glencore hevda at dei lekka dokumenta, som kom fram etter at advokatfirmaet Appleby vart hacka, var dekka av advokatfirmaet si teieplikt og difor ikkje kunne brukast mot Glencore i retten.

Denne månaden tapte Glencore i australsk høgsterett. Dokumenta frå lekkasjen kan no brukast av skattemyndigheitene i deira skattesak mot føretaket.

Teieplikta gjeld ikkje

Høgsterett, som var einstemmig i saken, sa at advokatar si teieplikt til vanleg riktig nok hindrar myndigheitene i å krevje at advokatar skal gje frå seg klientinformasjon som er underlagt teieplikt, men om denne informasjonen allereie er offentleggjort, så kan informasjonen brukast av myndigheitene.

«The days of being able to hide money overseas are rapidly coming to an end… taxpayers are only one data leak away from their entire affairs being exposed”, sa Jeremy Hirschhorn frå den australske skatteetaten etter dommen.

Kva var Paradise Papers?

Paradise Papers kom i november 2017, då 13.4 millionar dokument frå advokatføretaket Appleby vart lekka. Lekkasjen avslørte omfattande skatteplanlegging og skattesnusk frå både individ og føretak. Fleire kjende namn kom fram i lekkasjen, som U2-vokalisten Bono, den britiske dronninga, Apple, Uber og Nike.

Lekkasjen vart særleg alvorleg for Glencore, då dokumenta syna at føretaket ikkje berre hadde drive med aggressiv skatteplanlegging (som er lovleg), men tilsynelatande også med ulovleg skatteunndraging i fleire tilfelle, samt korrupsjon i samband med eit gruvekjøp i Kongo. Gruveføretaket stod difor ovanfor alvorlege straffesaker i fleire land.

Den australske skattesaka var ein av dei fyrste Paradise Papers-sakene som kom for retten. Høgsterettsdommen er difor viktig då den ikkje berre vil setje ein rettsleg presedens for liknande skattesaker i Australia, men også fordi det vil vere eit godt døme for andre land på korleis skattesaker frå dokumentlekkasjar kan handsamast.