Register over eigentlege eigarar treng kontrollressursar

Les Tax Justice Network – Norge sitt innspel til Revidert Nasjonalbudsjett 2019

Tax Justice Network – Norge sitt innspel til Revidert Nasjonalbudsjett 2019
Openheit i eigarskap er eit svært viktig verktøy i arbeidet mot korrupsjon, kvitvasking, skatteunndraging og aggressiv skatteplanlegging. Difor er det svært positivt at eit norsk register for reelle rettighetshavere endeleg kjem på plass, og at det eksisterande aksjonærregisteret vert styrka slik Stortinget bad om.

Desse to registera har derimot delvis ulike føremål, og ulik utforming. Tax Justice Network – Norge støttar seg difor til høyringsinnspelet frå Norsk Journalistlag og Norsk Redaktørforening som ber om at Finansdepartmentet ikkje blandar saman det som er vedtatt av betringar i aksjonærregisteret og det vedtatte registeret for reelle rettighetshavere.-

Finansiering av eit register for reelle rettighetshavere
I Prop. 114 s (2018-2019) Tilleggsbevildninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2019, kapittel 904 Brønnøysundsregistrene, Post 01 Driftsutgifter, visast det til at det skal etablerast eit register over reelle rettighetshavere og regjeringa foreslår å auka midlane til BRREG med 20 millionar kroner.

Det er ikkje spesifisert kva for vurderingar som ligg til grunn for dette beløpet, eller korleis midlane skal fordelast mellom oppretting, teknisk drift og kontrollarbeid.

Erfaringa frå andre land som allereie har hatt liknande register i nokre år, er at desse registera ikkje får tilstrekkeleg med ressursar til å kontrollere innrapportert informasjon og sanksjonere for manglande eller feilaktig rapportering.

Global Witness sine evalueringsrapportar frå 2018 og 2019 syner at det britiske registeret ikkje har kapasitet til å kontrollere informasjon eller gje bøter for manglande rapportering, sjølv om desse sanksjonsmoglegheitene ligg i lovverket.

Eit utdrag av funna i 2019- rapporten:

  • 336 224 føretak registrerte ikkje ein einaste reell rettighetshaver.
  • 6711 føretak registrerte ein reell rettighetshaver som står oppført som det for fleire enn 100 føretak.
  • 487 føretak var ein del av sirkulære eigarskapsstrukturar, det vil sei at dei eig kvarandre
  • 8872 føretak registrerte ein juridisk eining som reell rettighetshaver, sjølv om lovverket seier ein må registrere fysiske personar som eigarar.

Eit register over dei eigentlege eigarane bak føretak kan spele ei viktig rolle i arbeidet med å halde norsk næringsliv opent og lovlydig. For at det skal virke preventivt er det kritisk at registeret insentiverer føretak til å registrere korrekt informasjon. Om det nye registeret ikkje har nok ressursar til å gjennomføre stikkprøvekontrollar og faktisk sanksjonere for manglande eller feilaktig rapportering, vil registeret ikkje kunne ha tiltenkt effekt.

Tax Justice Network – Norge oppfordrar finanskomiteen til å formulere ein merknad til som vektlegg kor viktig kontrollfunksjonen er for slike register, og at dette må få eigna og tilstrekkelege midlar i tillegg til dei midlane som krevjast for å drifte registeret.

Med vennleg helsing,
Sigrid Klæboe Jacobsen, Dagleg leiar
Ingrid Hjertaker, Politisk rådgjevar