Ein lovleg trussel

TransOcean og andre selskap sine kreative skatte krumspring sterkt konkurransevridande, og ein trussel mot våre velferdsordningar. Les vår og Unios kronikk i Dagens Næringsliv her.

Kronikken stod på trykk i Dagens Næringsliv den 16. juli 2014. En forkortet utgave stod på trykk i Bergens Tidene den 24. juli.

Domstolen har slått fast at Transocean si skatteplanlegging er lovleg. Likevel er slike selskap sine kreative skatte krumspring sterkt konkurransevridande, og i neste omgang ein trussel mot våre velferdsordningar, meiner Unios Anders Folkestad og Sigrid Klæboe Jacobsen i Tax Justice Network.

Transocean var tiltalt for grovt skattesvik, men Oslo tingrett frifann selskapet 3. juli. Tingretten grunngav dommen med at det berre var snakk om aggressiv skatteplanlegging, som ikkje er kriminelt.

Regjeringa har varsla forsterka innsats mot øko nomisk kriminalitet. Signala frå justisministeren er at fokuset skal rettast mot svart arbeid og sosial dumping i handverksbransjen og andre utsette bransjar. Dette er sjølvsagt viktig, men viss regjeringa ikkje samstundes gjer ein kraftinnsats mot dei svarte og grå pengestraumane inter nasjonalt, bommar dei. Reg jeringa må i lys av denne utviklinga vurdere endringar i skattesystemet for å møte ei ny tid.

Ifølgje Skatteetaten freista multinasjonale selskap å unndra 16,7 milliardar kroner frå skattlegging i Noreg i 2011.

Dette handlar, ifølgje etaten, om skatte tilpassing, eller aggressiv skatteplanlegging, mellom anna ved at «dei handlar med seg sjølv» over landegrenser. Vi kan gå ut frå at omfanget vil auke i takt med at fleire internasjonale selskap etablerer verksemd her i landet. Forsking viser at multinasjonale selskap betalar 30 prosent mindre skatt enn nasjonalt baserte.

Store internasjonale og multinasjonale selskap greier å sleppe unna skatt ved å flytte pengar mellom land, ved å bruke skattehol og skatteparadis.

Facebook, Google og Starbucks er døme på internasjonale selskap som betaler minimalt med skatt i dei landa dei opererer i. Starbucks fekk så mykje kjeft av engelske forbrukarar, at selskapet gjekk med på å betale 20 millionar pund meir i skatt i Storbritannia for å sikre omdømet sitt. Når lokale kaffebarar her til lands betaler om lag 20 prosent skatt, medan utanlandske kjeder manøvrerer seg ned til to-tre prosent, seier det seg sjølv at dette er ekstremt konkurransevridande.

Den gongen internasjonale selskap voks fram, var politikarane opptekne av å hindre at selskapa betalte dobbel skatt ved at dei vart skattlagde i fleire land. No er dette biletet endra; no er det internasjonale samfunnet i stadig større grad oppteke av å hindre nullskatt.

EU-landa vert snytte for 1000 milliardar euro årleg. OECD og IMF (Det internasjonale pengefondet) har no vakna. OECD skal lage ein handlingsplan mot aggressiv skatteplanlegging, men dei varsla tiltaka er ikkje ambisiøse nok. IMF har nyleg varsla meir offensive grep, som går lenger enn OECD.

Denne hausten legg regjeringa fram to meldingar som vi forventar vil ta opp i seg dei internasjonale utfordringane vi står overfor. Justisdepartementets handlingsplan mot svart økonomi må strekkje seg lenger enn til å få nordmenn til å handle kvitt. Ambisjonen må mellom anna vere å styrke den eksisterande land-for-land-rapporteringa for selskap. Denne rapporteringa skal sikre at skattestyresmaktene og det offentlege får innblikk i kva selskap tener og kva dei skattar i dei ulike landa dei opererer i. Dagens regelverk har likevel to store veikskapar: det gjeld berre for to bransjar, og selskap slepp å rapportere frå verksemda si i såkalla skatteparadis.

Regjeringa skal innføre eit digitalt register over eigarskap for norske selskap. Dette er eit svært viktig vedtak, men regis- tret må innehalde informasjon om dei verkelege eigarane bak aksjar i selskap. I dag kan utlendingar gøyme seg ved å la ein bank i eit skatteparadis stå som eigar.

Desse to tiltaka vil gje meir innblikk i pengeflyten, og kven som er involvert. Dette er ikkje berre nyttig for å oppdage aggressiv skatteplanlegging, men vil også vere nyttig for å sjå kvar pengane frå svart arbeid hamnar.

Skattelovutvalet skal gje si innstilling i oktober. Det er venta at innstillinga vil legge hovudvekta på forslag som gjeld kutt i selskapsskatten, men det er behov for ein meir heil- skapleg gjennomgang av det norske skattesystemet, også med vekt på internasjonalt skat- tesamarbeid. Dette krev opne og nye løysingar. Pengeflyt over grenser kan vere bra, men nye utfordringar oppstår, og dette må skattesystema fange opp og møte aktivt. Difor forventar vi ein norsk skattepolitikk som viser veg i den retninga. Kampen mot den gråare og gråare økonomien må førast på brei front.

Endret 7. august 2014