Høringsinnspill fra Tax Justice Network – Norge til NOU 2018:6 Varsling - verdiar og vern
Tax Justice Network - Norge er positive til utvalet sitt forslag om å utreie ei eiga lov om varsling, og om det skal etablerast eit eige uavhengig varslerombod og ei tvistenemnd for varslingssaker. Det er derimot viktig at varslingslova også vernar om dei som varslar om skadeleg skatteomgåing.
Utvalet kjem i sin rapport med ei rekkje kloke refleksjonar rundt varsling, og dei komplekse juridiske, økonomiske, organisasjonsmessige og psykologiske dimensjonane ved det å varsle.
Det å varsle vil truleg alltid vere ibuande vanskeleg, og innebere kostnader for den som vel å varsle. Å etablere rutinar på arbeidsplassar kan hjelpe å redusere desse kostnadene, og senke terskelen for å varsle. Men det er viktig at arbeidet med ei eiga varslingslov også tek på alvor at det også er somme typar varsling som truleg aldri kan fylje det utvalet skildrar som ein «ideell varslingsprosess»: der arbeidsgjevar varslast internt først, deretter styresmakter, og berre dersom varselet ikkje blir handsama på ein tilfredsstillande måte der kan varslar ta kontakt med media eller gå ut offentleg på anna måte.
Fleire store, internasjonale varslingssaker i seinare år har handla om skatt, som Panama Papers og LuxLeaks. Desse sakene har dreia seg om ulovleg skatteunndraging, men også om lovleg skatteomgåing ved bruk av smotthòl i lova. EU-direktivet for varsling definerer skadelege skatteomgåingspraksisar som kritikkverdige forhold som det er legitimt å varsle om. Det er særs viktig at også det norske lovverket får ein definisjon av «kritikkverdige forhold» som famnar om den typen varsling.
Slike varslar handlar ofte om sjølve forretningsmodellen til verksemda det varslast om. Det er difor lite truleg at arbeid med å betre varslingskulturen internt eller etablere interne prosedyrar i verksemda vil vere relevant for denne typen saker. Varslarar i slike saker tek også ofte ein stor juridisk risiko ved å offentleggjere informasjon om føretaket, i tillegg til dei vanlege kostnadane som gjerne hefter ved varsling.
Ei eiga norsk varslingslov må verne om både varslarane og journalistane som gjerne blir mottakarar av denne type informasjon, og sikre dei mot å verte rettsleg forfølgt.
Med vennleg helsing,
Sigrid Klæboe Jacobsen Ingrid Hjertaker
Dagleg leiar Politisk rådgjevar
Les mer
EU-kommisjonen foreslår nye regler som skal styrke vernet for varslere