Om lag 5 % av bistand frå Verdsbanken «lekker» til skatteparadis, viser forskingsartikkel

Artikkelen, som leiinga i verdsbanken først ynskja å halde hemmeleg, syner ein samanheng mellom utbetaling av bistand frå Verdsbanken og ein auke i banktransaksjonar ut av landet og til skatteparadis.

Ein nyleg publisert forskingsartikkel viser at rett etter at Verdsbanken betala ut bistand til eit land, så skjer det ei brå auke i mengda formue som privatpersonar frå det landet held i bankinnskot i skatteparadis. Dette tyder på at det skjer ein «bistandslekkasje» til skatteparadis, meiner forskarane.

Forskingsartikkelen «Elite Capture of Foreign Aid», har fått stor merksemd, etter at det først vart kjent at leiinga i Verdsbanken hadde forsøkt hindre den i å bli offentleggjort. The Economist skreiv 13 februar at Verdsbankens relativt nytilsette sjefsøkonom, Penny Goldberg, sa opp jobben sin tilsynelatande etter ein intern konflikt med leiinga om å publisere paperet skrive av ein tilsett i Verdsbanken, Bob Rijkers, saman med Jørgen Juel Andersen ved BI Oslo og Niels Johannesen.

Saken vart også dekka her i Noreg, av mellom andre Dagens Næringsliv, Morgenbladet og Khrono. I kjølvatnet av kontroversen, valde Verdsbanken å offentleggjere forskinga. Noreg ga 3 094.7 millionar kronar til Verdsbanken i 2018, i følgje Norad. (Artikkelen fortsetter under figuren)


Kva fann forskarane ut?

Juel Andersen, Johannesen og Rijkers fann ein samanheng (statistisk korrelasjon) mellom utbetaling av bistand frå Verdsbanken til eit utviklingsland, og ei auke i mengda pengar som strøymar til skatteparadis frå det same landet i dei fyrste tre månadane etter bistandsutbetalinga fann stad.

Dei fann at «bistandslekkasjen» til skatteparadis var på om lag 7.5 % for gjennomsnittslandet i utvalet deira. Eit meir presist mål, i følge forskarane, er å sjå på lekkasjen som del av samla bistandsutbetaling, og finn her at den gjennomsnittlege «lekkasje», var på rundt 5 %.

Det var stor variasjon blant landa forskarane såg på, og dei finn at lekkasjen var større dess større bistanden var. For dei 7 landa dei såg på som fekk bistand som tilsvara meir enn 3 % av landets BNP, var lekkasjen i snitt på 15 %.

Vidare fann dei at det var i snitt større lekkasjar frå bistandsstøtte som gjekk til konkrete utviklingsprosjekt enn det var frå bistand som kom i form av generell budsjettstøtte til landet.

Forskarane tolkar korrelasjonen dei fann til at det er snakk om korrupsjon. Bistandspengar som i staden for å bli brukt til budsjettstøtte eller til å finansiere utviklingsprosjekt, blir i staden av ført ut til private konti i skatteparadis av korrupte politikarar, tenestemenn, politikarar og andre økonomiske elitar. Tolkinga deira kjem fram av tittelen dei har vald på paperet, «Elite Capture of Foreign Aid».

Forskarane har identifisert ein statistisk korrelasjon, og kan ikkje ut frå sine data sei noko sikkert om kausale mekanismar. Tala på offshore-formue er aggregerte tal, og forskarane veit ikkje kven som har ført pengar ut av landet og kven kontoane i skatteparadis står registrerte på. Likevel er det nærliggande å anta at det er snakk om økonomiske og politiske elitar i landet som eig slike kontoar.

I diskusjonane som har kome etter at paperet vart offentleggjort har det blitt diskutert om det er andre forklaringar som passar betre på korrelasjonen som forskarane har avdekka. Til dømes at pengane har på legitimt vis gått til føretak som har vunne kontraktar for utviklingsprosjekt, og at eigarane har ført overskot frå slike prosjekt til skatteparadis. Det vil sei at pengane ikkje er stolne, men at dei som har tent pengar på bistandsprosjekt på lovleg vis, deretter har flytta pengane til skatteparadis. Det kan med andre ord vere snakk om skatteunndraging heller enn korrupsjon.

Korleis måla forskarane dette?

Forskarane har brukt data frå Verdsbanken om utbetaling av bistand til utviklingsland og kvartalsvis data frå Bank of International Settlements over endringar i private bankinnskot frå utlendingar i ulike land. Forskarar har ikkje data på skjult formue som er eigd av føretak i skatteparadis, og har heller ikkje data på kva privatpersonar eig av formue i skatteparadis som ikkje er bankinnskot, t.d. eigedom.

Forskarane studerte eit utval på 22 land over ein 20-årsperiode (1990-2010), og desse landa var dei 22 mest bistandsavhengige (frå Verdsbanken) i perioden. Sidan data ikkje er nyare, kan vi ikkje sei om nyare informasjonsutvekslingstiltak har hatt effekt på dette fenomenet.