USA trugar internasjonal skattereform to månader før forhandlingane skal ferdigstillast

OECD-forhandlingane er i fare etter at USAs finansminister varsla om at USA kan trekke seg. Les om kva som har skjedd, og kva dette betyr for Noreg.

Saken er oppdatert.

Den siste veka har det vore mykje dramatikk i arbeidet med internasjonal skattereform. Her finn du ei kort oppsummering av kva som har skjedd, kva for implikasjonar dette får for dei internasjonale forhandlingane, og kva dette betyr for Noreg.

Kva har skjedd?

USA opnar for å trekke seg frå OECD-forhandlingane.

USAs finansminister Steve Mnuchin sendte onsdag 4 desember eit brev til OECDs leiar Angel Gurría, der han uttrykte sin bekrymring ("serious concern") over OECD sitt forslag til skattereform. Mnuchin skriv at OECD-forslaget går for langt vekk frå etablerte skatteprinsipp, og Mnuchin foreslår å gjere heile det såkalla Pillar 1-forslaget frivillig (det han kallar eit "safe harbour regime"), eit alternativ som ikkje har vore nemnd tidlegare i prosessen.

Mnuchin skriv også at han vil be alle land stoppe med sine unilaterale tiltak rundt digitale multinasjonale føretak, som ein føresetnad for at OECD-forhandlingane skal lukkast.

Denne innvendinga kjem heilt i siste fase av OECD-forhandlingane, som etter planen skal vere ferdigstilte i slutten av januar 2020. Om USA trekker seg blir det anten ingen avtale, eller ein avtale som truleg vil bli lite effektiv dersom ikkje dei nye reglane blir ratifisert av USA og då kan brukast for å skattelegge amerikanske multinasjonale føretak.

Kvifor var dette så overraskande?

Fordi OECD-forslaget som no er oppe til forhandling var USA si foreslåtte løysing

Opphaveleg var USA misnøgde med forsøka i OECD på å skattelegge digitale føretak, men over tid valgte USA i staden å ta ei aktiv rolle i prosessen for å sikre at utfallet skulle vere mest mogleg i deira interesse. I løpet av det siste året har USA vunne fram med si føretrekte løysing (framfor dei alternative forslaga til mellom andre Storbritannia og India), og OECD-forslaget som var lagt fram i oktober 2019 var i stor grad basert på USAs foretrukne løysing.

Rammene som dei 135 landa i Inclusive Framework no forhandlar innanfor, er i stor grad rammer som USA sjølv har satt.

USA har fått gjennomslag for sitt ynskje om å berre ha ein moderat reform av det eksisterande regelverket, og forslaget er no at ein skal fordele beskatningsrett til ein liten del av overskotet til multinasjonale føretak etter eit heilt nytt prinsipp, medan resten skal fordelast etter eksisterane armlengdesprinsipp. Det nye prinsippet skal gjere at såkalla "marknadsland", der tech-føretak har mange brukarar men ikkje er fysisk til stade, også skal få litt skatteinntekter frå denne verksemda. Den samla effekten for multinasjonale føretak av desse nye reglane er venta å vere "beskjeden", som var omgrepet OECD sjølv brukte om effektane.

USA har også fått gjennomslag for at dei nye foreslåtte skattereglane skal gjelde meir enn berre digitale føretak, slik at dette ikkje vert ein skattereform som utelukkande er retta mot dei store amerikanske tech-gigantane, men no skal gjelde for alle "consumer-facing businesses".

Fordi OECD-forslaget no oppfyller mange av USAs krav, var det venta at USA kom til å støtte det, og Mnuchins brev kom difor overraskande på mange, sjølv om Frankrike sin finansminister tidlegare i veka hadde åtvara om at USA var på veg ut av forhandlingane.

Korleis svara OECD?

OECD ber om eit hastemøte med USA og Frankrike før jul.

Same dag som Mnuchin sendte sitt brev, svara OECDs Gurría med eit brev som også vart offentleggjort. I brevet understreker Gurría at USA har spela ei positiv rolle i forhandlingane fram til no, og at fleire av bekymringane Mnuchin skriv om allereie er adressert i forslaget som no blir forhandla om. OECD-sjefen ba Mnuchin kome til Paris før jul for å ta ein samtale men han sjølv og med Frankrikes finansminister Bruno Le Maire, for å løyse konflikten. Mnuchin svara torsdag 5. at han ikkje rakk det før jul, men vil "truleg" ta turen i januar (noko som vil vere veldig nær fristen for ferdigstilling ved utgangen av januar 2020).

Guarrìa understreka også at det å gjere dei nye reglane frivillinge, som Mnuchin foreslår, ikkje er noko som har vore oppe til vurdering i tidlegare forhandlingsrunder, eller i dei offentlege høyringsrundane som har vore. Dette svaret kan tyde på at denne løysinga er uaktuell for OECD. Frankrikes finansminister sa også til media at å gjere dei nye skattereglane frivillige var "uaktuelt".

Til media har OECD sagt at dei fryktar at utspelet til USA kan "forseinke" forhandlingane.

Kva skjer no?

Konflikten må løysast innan utgongen av januar 2020 om ikkje OECD prosessen skal havarere.

OECD-konflikt kjem i samanhang med ein handelskrig rundt digitalskatt

Brevet til finansminister Mnuchin kom i ein situasjon som allereie var betent, etter at USAs finansdepartmentet annonserte at dei ville møte alle unilaterale forsøk frå land på skattelegging av tech-føretak med mottiltak i form av tariffar: Måndag konkluderte The Office of the US Trade Representative (USTR) i saken dei opna mot Frankrike i sommar etter at Frankrike vedtok ei 3 % omsetjingsavgift på store tech-frøretak. USTR konkluderte med at denne skatten var diskriminerande mot amerikanske føretak, og difor eit brot på handelsavtalar, og at USA kunne svare med mottiltak mot Frankrike. Førebels ser det ut til at USA vurderer tariffar på fransk ost, champagne og vin, og andre luksusvarer, til ein verdi av $2.4mrd. USTR sa også at dei vurderte å opne liknande saker mot Austerrike, Italia og Tyrkia som også har vedtatt liknande omsetjingsavgifter.
Avgjerda var eit tydeleg signal til andre land som vurderer eigne, nasjonale tiltak. Frankrike har allereie bedt om at EU samla skal svare på USAs handelstariffar med eigne tiltak mot USA, noko som kan eskalere handelskrigen mellom USA og EU.

Er OECD-prosessen i fare?

OECD er no i siste fase av sitt 10 år lange BEPS (Base Erosion and Profit Shifting)-prosjekt med å reformere selskapsskatten og hindre overskotsflytting. Etter planen skal OECD levere ein endeleg rapport til G20-landa på toppmøtet i Saudi Arabia i november 2020. For å rekke november-fristen for endeleg ferdigstilling, må rammeverket for dei nye skattereglane ferdigstillast allereie i slutten av januar 2020 då dei 135 landa i OECDs Inclusive Framework har sitt neste møte.

Om OECD og dei andre landa ikkje lukkast med å få USA til å støtte forslaget innan den tid, kan OECD prosessen havarere.

Det er mogleg for dei andre landa å kome fram til ein avtale utan USA, men sidan USA er heimland til mange av dei største multinasjonale føretaka, vil slike nye reglar ha liten effekt om ikkje USA også ratifiserer reglane.

Kva betyr dette for Noreg?

Regjeringa har fleire gonger dei siste åra avvist forslag frå opposisjonspartia på Stortinget om å utrede eigne nasjonale tiltak for å sikre at dei store multinasjonale føretaka betaler skatt i Noreg. I staden har regjeringa og Finansminister Siv Jensen vist til at Noreg deltek aktivt i, og er ein viktig økonomisk sponsor av, OECD prosessen, og at løysinga på problemet med overskotsflytting vil kome frå OECD.

Regjeringa har sagt den ikkje vil vurdere nasjonale tiltak med mindre det ikkje kjem ein god avtale ut av OECD-prosessen. Her skil Noreg seg ut frå ei rekkje andre land som allereie har innført eigne skattar for tech-føretaka, og også frå EU, som har sagt at dei har ein back-up plan med sin Digital Services Tax dersom ikkje OECD kjem i mål med sitt reformarbeid.

Dersom OECD-prosessen no havarerer som følge av at USA trekkjer seg eller stiller krav som ikkje andre land kan godta, vil det difor truleg bli eit større press mot regjeringa til å utrede og innføre ulike nasjonale tiltak, i form av ei omsetjingsavgift retta særleg mot sektoren eller meir generelle tiltak mot overskotsflytting i multinasjonale selskap, uavhengig av sektor.

Stortingsrepresentant for AP, Marianne Marthinsen, og LO-rådgjevar Maria Walberg, har foreslått 16 tiltak mot overskotsflytting i boka deira, Rødt Lys. Du kan lese om forslaga deira her.