Vi treng transparens i krisepakkane
Fredag 3 april la regjeringa fram nok ein krisepakke for næringslivet, men det manglar openheitskrav som kan redusere misbruk.
Noreg, som så mange andre land, er no i byrjinga av ei alvorleg økonomisk krise som ser ut til å bli større enn den økonomiske depresjonen på 1930-talet. Det er naudsynt med omfattande krisetiltak for næringslivet og for personar som har mista inntekt, og desse tiltaka må setjast i kraft raskt. Det er difor naudsyneleg mindre høve enn vanleg til å gjennomføre kontroll i forkant av utbetalingar. Difor er det endå viktigare med full transparens og sterke etterkontrollar.
Fredag 3 april la regjeringa fram eit forslag til "kontantstøtte" for næringslivet, der små- og mellomstore føretak kan motta pengar for å dekke uungåelege faste utgifter som husleige og straum. Eit enkelt føretak kan få mellom 5000 og 30 millionar i slik støtte per månad.
Fare for misbruk - kan reduserast gjennom openheit
Som regjeringa sjølv skriv i Stortingsproposisjonen, er det fare for misbruk når slike tiltak blir lagt fram og må gjennomførast raskt. Regjeringa foreslår gode heimlar i lova for både etterkontroll og sanksjonar for misbruk.
Men forslaget manglar openheitstiltak som kan både redusere misbruk i utgangspunktet, og gjere misbruk enklare å oppdage i etterkant.
Tax Justice Network- Norge foreslår at føretak som får slik kontantstøtte må:
- Oppgi alle sine reelle eigarar
- Offentleggjere land-for-land rapportar (om eit norskregistrert føretak som får støtte har mor-, søster- eller dotterføretak i andre land). Rapportane må syne inntekter, utgifter og skattebetaling i alle jurisdiksjonar som konsernet har selskaper i, inkludert såkalla "tredjepartsland" eller skatteparadis.
Etterkvart bør informasjon om kva for føretak som har mottatt krisehjelp og kor mykje dei fekk samlast i eit offentleg, søkbart register, slik professor Anette Alstadsæther har foreslått (Dagens Næringsliv 3 april 2020). Eit slik register må også innehalde, eller lenke til, informasjon om alle dei reelle eigarane i kvart føretak, og, om det er snakk om eit multinasjonalt føretak, også til land-for-land rapportane.
Kontantstøtteordninga er retta mot små og mellomstore føretak, og desse vil i hovudsak ikkje ha noko problem eller administrativ byrde med å oppfylle slike openheitskrav. Dei føretaka som ikkje har ein internasjonal struktur treng ikkje ha land-for-land rapportar, og dei fleste norske føretak har få og kjende eigarar som er enkle å identifisere.
Unngå støtte til fiktive rentebetalingar
Når det gjeld kva for faste utgifter føretaka skal få støtte til så bør det førast ekstra kontroll når det er snakk om rentekostnader, særleg i tilfelle der føretaket hadde høg gjeldsgrad før krisa og der betalingane tek form av "internrenter". Rentebetalingar til utlandet bør i utgangspunktet ikkje kvalifisere til støtte.
Stortingsproposisjonen opnar også for å kunne gje støtte til norske filialar av utanlandske føretak. Ved støtte til denne typen føretak må det også knyttast ekstra kontrollar, fordi moglegheita for at støttemidla forsvinn ut av Noreg er større når det gjeld denne typen konsernstruktur.
Toppbilete: Agence Olloweb/Unsplash.