30.08.2015

Kan globalt bli lokalt?

Globale skattespørsmål har blitt behandla på ein internasjonal konferanse i sommar, men blir sjeldan store tema i kommunevalkampen. Vi spurte likevel lokalpolitikarar frå alle dei politiske partia om kva dei meiner om kommunar som skatteparadisfrie soner, og om skillet mellom lokal og global politikk.

Hør flere TaxCast-episoder her: Episode-oversikt

Kampanjen for å få kommunar til å erklære seg som skatteparadisfrie soner vart lansert av organisasjonen Attac for nokre år sia her til lands. I den nye episoden av TaxCast snakkar vi med politikarar frå dei åtte største politiske partia i Oslo om dette. Halvparten av dei spurte kjente ikkje til kampanjen, og heller ikkje at bystyret i Oslo har tatt opp - og stemt ned - spørsmålet om å bli ei skatteparadisfri sone. Men kva for parti visste om dette? Det må du lytte til TaxCasten for å få med deg.

Skatteparadisfritt Sunnmøre?

Ulstein var den første kommunen som erklærte seg for skatteparadisfri sone i Noreg i 2012, og ordførar Jan Berset fortel om korleis det har gått på vegen frå store ord om skatteparadis til kvardagen i regionale interkommunale innkjøpssamarbeid.


Finansiering for utvikling
Midt i sommarferien var mange av verdas finansministrar og andre leiarar samla til FN-toppmøte i Etiopia om korleis ein skal finansiere det globale utviklingsarbeidet framover. FN skal vedta nye utviklingsmål i haust, og det blir sannsynlegvis ein klimaavtale i Paris i desember, og dette treng ein god finansieringsplan. Kjetil Abildsnes frå Kirkens Nødhjelp var på møtet, og fortel i TaxCast om den historiske skattediskusjonen der. Han forklarer òg kva som vart utfallet av ein langvarig konflikt mellom utviklingsland og rike land.

I tillegg presenterer TaxCast styrkinga av den norske land-for-land-rapporteringa, som fann stad tidleg i sommar.


I episoden høyrer vi:

  • Kjetil Abildsnes, seniorrådgjevar i Kirkens Nødhjelp
  • Jan Berset (H), ordførar i Ulstein
  • Syver Zachariassen (Sp)
  • Torild Lien Utvik (Ap)
  • Aina Stenersen (Frp)
  • Elisabeth Løland (KrF)
  • Stig Rygg-Johansen (MDG)
  • Hans Kristian Voldstad (V)
  • Marit Halse (R)
  • Martin Uleberg (SV)