19.05.2015

McDonald’s og einskapleg skattelegging

Da McDonald's flyttet sitt europeiske hovedkvarter fra Storbritannia til Luxembourg, begynte de å betale drastisk mindre i skatt i Europa, 8 milliardar skattekroner mindre mellom 2009-2013. Hvorfor blir ikke McDonald's skattlagt på en global og oversiktlig måte? Hør mer om en annen måte å skattelegge multinasjonale selskap på: unitary taxation / enhetlig skattelegging.
Listen to "Tax Justice" on Spreaker.

Hør flere TaxCast-episoder her: Episode-oversikt


Med utgangspunkt i rapporten "Unhappy Meal" frå fagforeiningar i Europa og USA, stakk TaxCast-redaksjonen innom ein McDonald's-restaurant i Oslo for å drive med undersøkande journalistikk over ein burger og pommes frites. I episoden går vi frå ein BigMac-burger til å intervjue ein Luxembourger.

- Dei fleste McDonald's-restaurantane i verda er drive etter franchise-modellen. Det vil seie at McDonald's ikkje fysisk eig restauranten, men får betalt for å låne ut merkevaren og systemet sitt. Og det er denne betalinga, eller royalty-avgifta, som dei samla til det nye selskapet McD Europe Franchising Sàrl i Luxembourg. Ved hjelp av ein sveitsisk filial, unngjekk dei å betale store skattebeløp av denne royalty-avgifta, som er på fem % av omsetninga frå om lag 7000 restaurantar i Europa, seier TaxCast-journalist Karoline Arnesen.

Einskapleg skattelegging = quick fix?

Når det er så tydeleg at flytting av selskap fører til så stor forskjell i skattebetaling, må det jo gå an å innsjå dette, og lage eit system som sørgar for rettferdig og ordentleg skattelegging, spurte TaxCast-journalistane Sigrid Klæboe Jacobsen, dagleg leiar i Tax Justice Network Norge. Ho fortel om einskapleg skattelegging, som tek utgangspunkt i det selskapet tener globalt, for så å fordele overskotet mellom landa der selskapet faktisk har verksemd, av typen salsinntektar, produksjonsmidlar, fabrikkar, tilsette osb. Dei landa får tildelt ein viss prosent av overskotet, og skattar så etter eige ønske og lovverk. Ho møter motbør frå ein høgskulelektor på BI i Oslo, Eivind Furuseth. Han fortel at dette har vorte heftig diskutert før, og at det er stor usemje om kva som skal vere grunnlaget for utrekninga av overskotet.

Besøkte McDonald's i Luxembourg

TaxCast-journalist Vegard Foseide var innom finanssentrumet og skatteparadiset Luxembourg. Der intervjua han Ekkhart Schmidt-Fink og Jean-Sébastien Zippert i den luxembourgske organisasjonen Etika - Initiativ for Alternativ finansiering, som fortel om europeiske nabolands skattehykleri og Luxembourgs eventuelle framtidige endringar.

TaxCast besøkte òg hovudkvarteret til McDonald's for ein konfrontasjon, men det må du lytte til TaxCast-episoden for å høyre utfallet av.