Eittårsjubileum for Paradise Papers

Kvifor må ikkje gigant-lekkasjen gløymast? Les vår oppsummering av kva som blei avslørt.

Denne veka er det eitt år sidan Paradise Papers-avsløringane.

Dei fleste av oss har nok gløymt denne lekkasjen allereie. Det har vore så mange slike lekkasjar, så mange politikarar, kjendisar og kjente multinasjonale føretak avslørt at det er lett å bli matt og kjenne på apati: Panama Papers, LuxLeaks, SwissLeaks, titals millionar dokument, tusentals personar avslørt.

Men sjølv om lovleg og ulovleg skattesnusk ikkje lenger overraskar, kan det ikkje gløymast.

Så kva var eigentleg Paradise Papers?

Meir enn 13 millionar dokument vart lekka, om lag halvparten av dei frå advokatfirmaet Appleby. Firmaet har meir enn 10 kontor i skatteparadis, og seks av desse kontora vart hacka av ein endå ukjend person eller gruppe som så vidaresendte dokumenta dei fekk tak i til journalistar. Paradise Papers skil seg derfor frå Panama Papers der det var ein endå ukjend innsider som lekka dokumenter til pressa.

Paradise- lekkasjen omfatta fleire millionar låneavtaler, i tillegg til finansrekneskap, e-postar og trust-avtaler. Skattetriksa som avsløringane avdekka, mesteparten endå lovleg, omfatta 19 ulike skatteparadis og hemmeleghaldjurisdiksjonar.

Som med tidlegare lekkasjar vart også Paradise Papers ein pinleg affære for mange rike og mektige individ, men også for fleire av dei store multinasjonale føretaka.

Den britiske dronninga hadde plassert fleire millionar pund i eit fond registrert på Cayman, avdekka lekkasjen. Sonen Charles viste seg også å ha hemmelege offshoreinvesteringar, og i eit føretak som i tillegg dreiv lobbyverksemd for å endre klimaavtalar. Næringsminister Wilbur Ross i Trump-regjeringa vart avslørt å ha nære økonomiske samband til Russland og Putin-familien gjennom eit shipping-føretak. Han var ikkje den einaste i Trump sitt kabinett som dukka opp i lekkasjane med koplingar til skatteparadis, saman med ei lang rekkje kjende namn, frå Harvey Weinsten til Gary Lineker og Shakira.

Her heime kunne norske media melde at DNB hadde hjelpt fleire hundre kundar med å opprette offshore-strukturer, og at banken hadde nytta nettopp advokatfirmaet Appleby i fleire slike avtalar.

Meir enn hundre multinasjonale føretak fekk òg sine lovlege, men samfunnskadelege skattestrategiar avslørt, blant dei Apple og Nike.

Verdas største gruveføretak, Glencore, vart også avslørt å ha vore involvert i ulovleg samarbeid med ein israelsk businessmann som skal ha muta fleire personar i Kongolesiske myndigheiter for å få rettane til å drive gruveverksemd i Katanga. Rettsaken pågår endå.

Paradise Papers var eit omfattande samarbeidsprosjekt med 95 medieorganisasjonar, med meir enn 380 journalistar fordelt på seks kontinent og med publikasjonar på meir enn 30 språk.

Hjå the International Consortium for Investigative Journalists kan du finne ei oversikt over alle deira saker i samband med lekkasjen og oppfølgingssakene som har kome i året som har gått.

Og her kan du finne NRK si oversikt over Paradise Papers.

Støtt Tax Justice Network - Norge i arbeidet for skatterettferdighet.
Enkeltbidrag på VIPPS: 550844. Bli fastgiver (valgfritt måndlig beløp).