Tax Justice Network Norway

English

På tide med Googleskatt

På tide med Googleskatt | Foto: Stortinget
Foto: Stortinget

8 nye land har innført varianter av "Google-skatt" i året som har gått sidan Stortinget sa nei.

 
Dato

14. mai er det nøyaktig eitt år sidan Stortinget, med overveldande fleirtal, stemte nei til MDG sitt forslag om å utreie ulike tiltak for å skattlegge den digitale økonomien, eit forslag media kalla for «Google-skatt».

I året som har gått har 8 nye land innført eller vedtatt nasjonale tiltak på området. Til saman er det no 13 land som har tatt eigne grep for å skattelegge tech-gigantane.

Dei fleste land og internasjonale organisasjonar har no innsett kor viktig det er at det internasjonale regelverket for skattlegging av multinasjonale føretak endrast. OECD kom i vinter med eit første forslag til nye reglar for å skattlegge føretak i ein digital økonomi, og den endelege rapporten deira er venta sommaren 2020. Skattekomiteen i FN kom i april med sin eigen rapport om den digital økonomien. IMF har også kasta seg inn i debatten. Dette er svært viktig arbeid, men det vil truleg ta fleire år før eit endeleg regelverk er på plass og implementert.

Difor har så mange land no gått for nasjonale tiltak i mellomtida for å hindre at dei store tech-selskapa unngår skatt i landa der dei har mykje aktivitet.

Somme land har gått for ei omsetjingsavgift, medan andre har endra regelverket slik at selskapsskatten også skal treffe dei globale tech-føretaka.

Under ser du ei oversikt over nasjonale tiltak i ulike variantar:

Sør-Korea: i 2014 vart digitale produktog tenester tatt inn i mva-regelverket, med ein sats på 10 %.

India: I 2016 vart digitale produkt og tenester tatt inn i mva-regelverket, med ein sats på 6 %. No skal lova utvidast til også å omfatte strøymetenester (til dømes Netflix).

Ungarn: første tiltak i 2014, revidert i 2017. Ei omsetjingsavgift på digital marknadsføring, med ein sats på 7.5. %

Israel: Endra sin definisjon av «betydelig økonomisk nærvær» i 2016,  med utgangspunkt i mellom anna tal på kontrakter med israelske borgarar, om nettsidene er på hebraisk, og ein sel tenester med shekel som valuta. Om eit føretak har «betydelig økonomisk nærvær» i landet vert avgjort av skattemyndigheitene sak-for-sak på grunnlag av desse faktorane.

Italia: Vedtatt i 2017, innført i 2019. 3 % omsetjingsavgift for føretak som har meir enn 3000 digitale transaksjonar med italienske føretak.

Singapore: Vedtok i 2018 at mva-regelverket skulle utvidast til å gjelde kjøp frå utanlandske tech-selskap og app-er, for føretak med meir enn 1 million SGD i global omsetjing, og meir enn 100 000 SGD i sal til kundar i Singapore.

Slovakia: Endra definisjonen av «fast driftsted» i 2018, slik at det inkluderer føretak som gjentatte gonger formidlar transport- og overnattingstenester (Døme: Uber, Hotels.com, AirBnB). Desse føretaka må då betale selskapsskatt.

Chile: Endeleg forslag venta i 2019. Truleg blir det 10 % avgift på digitale formidlingstenester, streaming, utanlandsk marknadsføring, abonnenttenester på plattformer (døme: cloud-lagringstenester).

Storbritannia: Vedtatt i 2018, skal innførast i 2020. Ei 2 % omsetjingsavgift for digitale føretak med meir enn £500 millionar i omsetjing. Dei fyrste £25 millionane er fritatt skatt, og det skal vere unntak for føretak med underskot eller låg profittmargin.

Austerrike: Foreslått 2018, under utredning. Vil truleg bli ei omsetjingsavgift på 3, 4 eller 5 %.

Spania: Foreslått 2018, lovforslag til behandling i parlamentet. 3 % omsetjingsavgift for føretak med meir enn €750 millionar i omsetjing (etter modell frå EU sitt forslag «Digital Services Tax»).

Frankrike: Foreslått i 2019, og kalla «GAFA-skatt» (etter Google, Amazon, Facebook og Apple). 3 % omsetjingsavgift for føretak med meir enn €750 millionar i omsetjing globalt og meir enn €25 m i Frankrike. Vil truleg råke om lag 30 føretak, og gje €500 millionar årleg  i skatteinntekter til Frankrike.

New Zealand: Ulike alternativ under utredning, forslag venta i slutten av mai 2019. Tiltaket er venta å hente inn mellom NZ$30 millionar og 80 millionar årleg i skatteinntekter (avhengig av kva for tiltak som blir vedtatt).