Storbritannia overraska med å innføre digitalskatt

Mange venta at den nye digitalskatten skulle bli droppa etter press frå USA i forhandlingane om ny handelsavtale etter Brexit.

Den 11. mars la Storbritannias finansminister Rishi Sunak (avbilda) fram statsbudsjettet, og det var knytta stor spenning til om regjeringa kom til å droppe den britiske digitalskatten som var planlagt innført i 2020.

Skatten skal no tre i kraft som planlagt, 1 april 2020.

Digitalskatten vart vedtatt allereie i 2018 av den konservative regjeringa under dåverande statsminister Teresa May. Avgifta var eit tiltak mot dei store tech-føretaka som betalar svært lite skatt i Storbritannia. Tiltaket er meint å vere midlertidig til dess OECD er klar med sin reformprosess og nye standarder for føretaksskattlegging kjem på plass.

Avgifta er på 2 % og vil råka digitale føretak som har meir enn £25 millionar i omsetjing i Storbritannia.

Stod imot amerikansk press

President Trump varsla i fjor at USA kom til å be Storbritannia trekke tilbake den vedtatte digitalskatten, som eit vilkår for å inngå ein ny handelsavtale etter Brexit. USA har også gått hårdt ut mot andre land som har innført liknande skattar, særleg Frankrike. Fleire av desse har gitt etter for amerikansk press.

Les vår sak om digitalskatt-konflikten mellom Frankrike og USA (august 2019)

Det var difor venta at Boris Johnson-regjeringa 11 mars kom til å annonsere at dei ville trekke, eller i det minste utsette, digitalskatten. At Storbritannia no vel å gå fram med digitalskatten trass i amerikanske motvilje vil truleg skape utfordringar for forhandlingane.

Digitalskatten vil tre i kraft 1 april. Finansministeriet ventar at det vil bringe inn om lag £70 millionar i auka skatteinntekter det første året.